perindrehus
Velkomen til heimesida til musikaren, komponisten og arrangøren

Per Haldor Indrehus

Her finn du litt om kven han var og om arbeidet hans. Sidene er etablerte i samarbeid med Per sin næraste familie for å gjera musikken og arbeidet hans meir kjend.

Dersom du har gode minne og historiar om Per, fotos av han eller synspunkt på musikken hans, vil me setja pris på om du vil dela dette med oss. Du kan bruke gjesteboka eller sende oss ein epost.

Nokre av sidene er framleis under utarbeiding og utvikling. Me mottek gjerne tips og kommentarar til korleis me kan gjera dei betre.

Logoen på desse sidene er teikna av Per sin mangeårige ven Ivar R. Kvåle.

Minnefond

Etter minnekonsertane for Per i 2007 vart det oppretta eit fond der midlane er tenkt nytta til å fremja musikken hans. Søknad om tilskot kan sendast til styret for Per H. Indrehus minnefond, Boks 13, 5701 VOSS eller til phimusikk@gmail.com

Redaktør: Peder Ringdal