Berit Opheim Versto har vore elev av Per på Voss Folkehøgskule. Dette var starten på eit langt musikalsk samarbeid. Berit har og gjeve ut songar med musikk av Per på plate.

Eg var so heldig at eg vaks opp i samme bygda som Per budde, når eg var lita kjende eg han fyrst og fremst som far til Mads Arnfinn som gjekk i samme klasse som eg. Per var med på skuleavslutningar der me som klasse ofte hadde musikalske innslag, og eg fekk ofte syngja åleine. Då fekk eg alltid positiv tilbakemelding frå Per, og det å få det frå han, som lita jente, var meir enn stort. Han snakka fleire gonger om at eg måtte syngja meir, ta songtimar osv, og når eg vart eldre og var med på revy på Bulken, var det Per som bestemte at eg skulle få vera songsolist sjølv om eg fyrst og fremst sat i orkesteret med trombonen min på den tida. Eg elska å syngja og eg elska å spela trombone, men Per var mest opptatt av at eg måtte syngja, og han fekk rett. Heldigvis. Og heldigvis for at eg fekk leva samstundes med Per på denne jorda, for utan han hadde eg ikkje tort å tru at eg kunne syngja offentleg, søkja musikkonservatoriet osv.

Eg gjekk på Voss Folkehøgskule 1986-87, og eg gjekk i heimbygda mi kun fordi eg ynskte so sterkt å få læra meir av Per, vera ein av hans elevar, og det var eit fantastisk skuleår!

Eg visste at Per var raus og varm som person, men det han gav meg det året var so heilt og sterkt, og har vore grunnlaget mitt for alt eg har gjort vidare. Eg har mange visdomsord og gode råd som eg minnest og som eg ofte tek fram. Eg tenkjer ofte på kva råd han ville ha gjeve meg i ulike samanhengar når eg står overfor val i yrkeslivet og elles, og det hjelper. Synet hans på musikk, kva musikk er - eller kan vera, det åndelege aspektet, det formidla han på ein heilt unik måte. Ingen har seinare i mi utdanning eller elles formidla det so tydeleg og samstundes utan at det vart påtrengjande.

Det går ikkje ein dag utan at eg tenkjer på Per, minnest han, og eg saknar han veldig. So mange gonger eg har vorte rørt av det fyrste anslaget hans på pianoet når me f.eks. skulle øva saman. Eg måtte svelga vekk klumpen og Per måtte spela forspelet på nytt. Han hadde ei enorm kraft med seg som rørte dei aller fleste som traff han eller fekk vera so heldig å musisera saman med han. Samstundes såg han meg so veldig, tvers gjennom meg hadde eg inntrykk av. Viss han såg det var noko som plaga meg, fekk eg ikkje gå vidare før me hadde snakka om det. Og Per lytta og forstod, på ein måte eg ikkje hadde opplevd før. Me er mange som blei sett av Per, og han brydde seg på ein unik måte. Han såg kvar enkelt elev og me fekk vera dei me var samstundes som han forsiktig leia oss mot nye og ukjende farvatn. Eg kjende meg enormt trygg saman med Per og han gav meg sjølvtillitt og  tryggleik.

Per introduserte meg for dei aller fleste musikksjangrar, og han meinte at folkemusikk var noko for meg sjølv om eg ikkje var so begeistra i starten. Han fekk rett der òg. Gjennom Per fekk eg kontakt med med Ragnar Vigdal som har vore svært viktig for meg og som formidla ein fantastisk songskatt. Eg turte å vera sta og halda på med fleire musikksjangar samstundes når eg studerte i Bergen og Oslo på det som var eit klassisk studie fordi eg hadde Per som oppmuntra meg og sa at det var viktig. Eg måtte gjera det eg hadde lyst til, sa han, og det gjorde eg, sjølv om det ikkje alltid var like populært på den tida på eit klassisk musikkonservatorium. På begge avgangseksamenane mine, både i Bergen og på musikkhøgskulen i Oslo, var Per med meg og spela, me hadde ein avdeling med hans songar.

Eg fekk vera med på mange konsertar med Per, både med hans eigenkomponerte musikk og hans arrangement. Det var alltid ei høgtid. Alt var tilrettelagt slik at det passa akkurat mi stemme, og den raude tråden i konsertane var alltid tydelege. Det var han veldig opptatt av. Det var alltid grundig arbeid og me øvde mykje slik at me var trygge på det me skulle. Eg hugsar den veldige gleda og forventninga eg hadde til eg skulle få vera med på eit nytt prosjekt med Per, vera i det nydelege rommet som han skapte rundt seg. Og det var alltid inn til kjerna i musikken han ville og som han prøvde å leia oss.

Den fyste songen eg song som Per har skrive er "Song, trø lett på hjarta mitt", tekst av Olav H. Hauge, og den er stadig med meg. Per er òg med meg, og når eg har konsertar rundt omkring kjennest det som om han er der. Den tryggleiken det skapar for meg er uvurderleg. Å få oppleva ein slik person og ei slik kraft innspirerer til å halda fram, og me kan bruka den krafta og gje vidare av det me fekk frå Per.

Slik lever Per vidare, i musikken sin, gjennom det han var, den enorme krafta han var, det varme smilet. Det åndelege aspektet ved Per er her og det vil det heldigvis alltid vera.

Takksam helsing Berit Opheim Versto