Bjørg Eggen er Per si syster. Her deler ho litt frå bardomen og oppveksten i Sogn og Fjordane.

Per Haldor Indrehus, f 6.juni 1937, kom til verda på ei øy i skjergarden utanfor byen Florø. Staden heiter Hovdevåg og er i dag nesten avfolka. Då han voks opp, budde det fleire huslydar der ute, og det var skulehus med todelt skuleordning. Men staden var veglaus og alt gods vart frakta med båt. Det var heller ikkje kai for større farty, så rutebåten som kom innom med post og varer måtte bordast ute på vågen med små robåtar. Den faste jordmora t.d. kom  med skyssbåt i all slags vêr rundt i øyane og hjelpte dei fødande. Vi som vaks opp på staden var sjølvsagt svært interesserte når jordmora kom.  Som 4-5 åringar trudde vi fult og fast på det dei vaksne sa, at jordmora hadde det nye barnet med seg i kofferten sin. Slik var det også når veslebroren min, Per Haldor, kom til verda. Jordmora hoppa i land frå båten , og i handa hadde ho ein rund koffert. Alle måtte skjøna kva som var i den.

Per var yngst i ein syskinflokk på fire og budde dei fem fyrste leveåra sine på denne øya. Foreldra hans var lærarar. Faren, Halvdan, hadde vakse opp her ute der foreldra hans hadde eit gardsbruk. Etter fullførd lærarutdanning  fekk han etter ei tid hus og eit lite jordstykke av foreldra sine. Slik kunne han flytte til heimstaden sin og arbeide som lærar der. Kona Dagmar Ulrike, var ekte bydame, oppvaksen i Trondheim og lærarutdanna. Med seg hadde ho m. a. eit stort svart piano som vog fleire hundre kilo. Pianoet kom med rutebåten, vart vinsja ned i føringsbåten og rodd til ei sjøbu. Der vart det heist opp på buagolvet. Deretter vart det bore av sterke menn over stokk og stein, og med mange kvilepausar, inn i stova. Det var to stover i huset, og ettersom det stod eit orgel i den eine stova, vart pianoet sett ned i den andre. Dette pianoet, som i dag står på Haga, skulle kome til å spele ei viktig rolle i Pers liv.

Han fekk vekse opp i ein heim der musikk og song var viktig i kvardagen. Mora var ein flittig brukar av pianoet, og ganske tidleg tok ho guten på fanget når ho spela. Ho song for han og leika med han kvar dag enda ho hadde det travelt med hus- og lærararbeid. Ein kan vel seie at Per "fekk musikken inn med morsmjølka" Sivles  "Den fyrste song" høver godt inn her. Etter som han vaks til, vart han ein glad og morosam gut som både vaksne og barn ville snakke med.  Sjølv om heimstaden ikkje var stor, var det mange leikekameratar, for det var barn i alle aldrar i husa som var der. Fjæra og vasskanten var fast leikeplass for alle barn. Ikkje ein heilt ufarleg stad heller, men spanande når båra braut. Leikesaken var steinar i alle storleikar og former, og dei var det nok av. Dei var også våpen når leiken gjekk for vidt. Per viste tidleg at han hadde temperament, og sjølv om han var liten og vi større, var det berre å røma unna så fort som mogeleg når småsteinane susa forbi oss. Vi  som var store, kunne ikkje bruke slike våpen.  Dei fyrste åra hans med sjø og hav og ein vid kvelvande himmel var for alltid i minnet hans og forlet han aldri.

Då han var 5 år, måtte familien bryte opp og flytte til ny stad. Hovden og Hovdevåg som  hadde vore ein fredeleg plass, var ikkje det lenger. Krigen var komen også dit, for frå havet rundt øya kom store konvoiar, vakta av krigsskip og fly, seglande inn og forbi. I lufta kom engelske krigsfly for å bombe eller skade båtane. Det føregjekk kampar i lufta over Hovden. Barnetalet i dei små skulane gjekk også ned, og lærarjobbar var langt unna. Familien flytta til Sør-Vågsøy kommune til ein liten stad som nokre km. frå tettstaden Måløy. Ei losskøyte vart tinga til flyttelasset. Møblar og turvande ting, der i blant pianoet vart bore om bord. Året var 1942 då heile familien på 6 starta reisa som m. a. skulle gå over havstykke og båtleier der også alle slags fartøy og krigskonvoiar skulle passerast.

Huslyden med sitt gods kom vel fram, men det kan nemnast at nokre fiskarar eit par dagar etter, hadde sett ei stor mine, flytande så vidt under vatnet, i same lei som flyttebåten hadde gått.  Familien skulle bu på nokre små rom i 2.et. i eit vanleg bustadhus. Det var ikkje  råd å få pianoet opp den tronge trappa, så det fekk stå nede i ein kald gang. I familien var der 4 barn mellom 15 og 4 år. Krigen var på sitt verste, og det var matmangel, men mat måtte skaffast.  Barna var omtrent alltid svoltne eller sjuke. Dei som var vane med å få boltre seg i eit stort hus, fekk stadige beskjedar frå huseigaren om å vere stille. Men det verste var pianoet i gangen. Per masa på mor si at ho skulle spele for han. Så vart det ei slags ordning på det. To timar eit bestemt klokkeslett nokre gonger i veka, skulle mor få lov å bruke pianoet.  Men etter ei tid fekk far tak i ein flyttemann som skrudde pianoet opp i fleire deler, tangentane t. d. vart lagde i ei korg, og med mykje styr kom pianoet opp trappa. Per fekk ei lita blokkfløyte, og no kunne han og mor spele saman.

Etter nokre år i den vesle bygda, fekk mor og far lærarpostar i Måløy.  Måløy var på den tid sentrum i kommunen med gater og butikkar.  Her var også idrettslag, ymse foreningar og kyrkje.  Grunnskulen var samla i ein stor bygning, og der heldt også ein privat 2-årig realskule til. Sistnemde skule hadde ikkje eksamensrett, og i praksis tydde det at elevane måtte ta eksamen i alle skulefaga med sensorar som kom reisande frå skular med eksamensrett.  Som sine syskin måtte Per også gjennom denne skulen. Elles kom han fort over den siste flyttinga og fekk straks mange kameratar og vener. Etter som han ikkje var "av dei stille i landet", var han som regel på plass der noko skjedde. Ved middagsbordet kunne han fortelje mange morosame ting han hadde sett eller høyrt om, og han hadde sjølv stor sans for dette. Skulen tok han ikkje så alvorleg, men hadde andre interesser. Måløy hadde eige fotballag og trass i ung alder, fekk han spele saman med dei store gutane på eit tidleg tidspunkt.  Interesse for fotball hadde han heile livet. Men interessa for musikk var overordna alle ting han tykte om. I Måløy fekk han pianolærar, men notar gjekk det smått med. Han lærde heller musikkleksene utanat og spela etter gehør. 16-17 år gamal fekk han lov til å spele på orgelet i kyrkja. Det var stas.  I heimen var han fast spelemann, særleg når det var gjester. Då måtte han inn i stova, for gjestene ville ha "ynskjekonsert". Det gjekk ut på at kvar og ein nemde ein song eller melodi som dei ville høyre. Det var ikkje alltid han kjende desse ynskjene, men mor nynna melodien for han og så laga han raskt ein liten konsert. Dette slo alltid godt an.

Tida i Måløy to slutt då han som 16-åring vart send til Landsgymnast i Volda og skulle ta eksamen på "reallina", som det heitte den gongen. Men for han var andre ting i Volda like viktig som lekselesing og skulearbeid.  Her fekk han i stand eige orkestergruppe "Black and White" og spela til dans rundt om i distriktet. Gruppa vart populær og tente pengar.  Dessutan spela han fotball her også.  Kvar sumarferie hadde han og nokre kameratar musikk jobbar på turisthotell i fjordane. Inntektene var ikkje av dei store og arbeidet var ganske hardt. Arbeidstida byrja tidleg på kvelden og varde ut over natta. Men det var mykje å oppleve og mange morosame hendingar å tenkje på etterpå.  Ei tid etter eksamen i Volda vart han teken opp som elev ved musikklina ved Bergen Lærarhøgskule. I ettertida fortalde han at han ikkje hadde følt seg heilt vel ved skulestarten. Han tenkte nok på musikkteorien. Men eter kvart gjekk det bra, - svært bra kan ein vel seie.