Erik Sølvberg var rektor på Voss Gymnas den tida Per arbeidde der.

Da eg kom til Voss i 1989, kjende eg Per berre av omtale. Eg visste han var ein sjeldsynt pedagog. Da vi starta musikklinja på nytt på gymnaset, var det viktig for meg å knytte folk av hans kaliber til skolen.
Eg møtte han nokre gonger. Han var stort sett negativ og snakka om gymnaset som - ikke ukjent - " den sorte skole". Så skjedde det at eg trefte han på lærarrommet på gymnaset. Vi snakka om musikkundervisning generelt og musikklinja på gymanset spesielt. Eg sa at vi "treng slike som deg", gav han handa og la til: "Så er du tilsett i ti prosent stilling." Eg trur han blei så overraska at han tok meg i handa uten heilt å vite kva han gjorde.

Etterkvart fekk han sjølvsagt heil stilling på gymnaset. Han snakka ikkje lenger om "den sorte skole", men la ned eit formidabelt arbeid for elevane og skolen. Han var engasjert i faga sine, i elevane, i kollegane, i skolens ve og vel. Han var ingen verdsmeister, men ei søkjande sjel på leiting etter betre metodar, nye innfallsvinklar, nye undervisningsmetodar. Han var svært, svært audmjuk andsynes den oppgåva han hadde teke på seg. Han kom ofte på kontoret mitt - i eit svært langt rektorliv er det med han eg har hatt dei fleste, dei lengste og for meg dei mest givande samtalane om ungdom, læring og undervisning. Han kunne nok klage over at han fekk det ikkje til, og hadde behov for oppmuntring. Men samtidig kom han med innspel og viste ei innsikt som gav mykje. Elevane hans strålte, han tok dei på alvor og stilte store krav, men han gav endå meir. Dei voks under hans "kateter". Vondt hadde han det når han skulle setje karakterar. Då fekk eg ofte besøk av han!

Heldigvis gav Fylkeskommunen han eit stipend bygd på ei ordning som han stortrivdest med. Til meg sa han fleire gonger: "Veit du, rektor, no er eg blitt menneske igjen!"

Helsing Erik Sølvberg