biografi

Per Haldor Indrehus var fødd på øya Hovden utanfor Florø i Sogn og Fjordane 6. juni 1937. Heilt sidan barndommen var han aktiv i ulike musikkmiljø, og han byrja tidleg å spela piano. Utdanninga si som faglærar i musikk fekk han først ved musikklina på Bergen Lærerhøgskole, der han tok eksamen i 1961. Sidan vart det eksamen i musikk mellomfag ved Universitetet i Oslo i 1972 og hovudfagseksamen i musikkpedagogikk ved Bergen Lærerhøgskole i 1983. I åra 1961-64 var han tilsett som musikklærar ved Rothaugen skole i Bergen. I 1964 fekk han så stilling som lærar ved Voss Folkehøgskule, og gjennom ein 30 års periode bygde han opp og leia musikklina her, avbrote kun av kortare permisjonar (studiepermisjonar, konsertturnéar i inn- og utland, anna prosjektverksemd, komposisjonsoppdrag m.m.). Samstundes etablerte han seg med familie i Vossebygda, og på Haga på Bulken vart han buande sidan. I åra 1977-94 føreleste han fast på kursa ved Ole Bull Akademiet på Voss, i hovudsak innan emnet Bruk av norsk folkemusikk i vår tid. Ein periode underviste han også ved Stord Lærarhøgskule. Frå 1992 var Per H. Indrehus knytt til Voss Gymnas, først som timelærar ved musikklina, frå 1994 i fast heil stilling som lektor. Frå 1998 og fram til 2004 hadde han redusert stilling her samstundes som han var tilsett av Hordaland fylkeskommune i fri stilling med oppgåve å komponera og arrangera musikk til ulike høve. Per H. Indrehus døydde 21. juli 2004.

Gjennom nesten 40 års verksemd som komponist, arrangør, utøvande musikar og pedagog sette Per H. Indrehus tydelege spor etter seg både lokalt og nasjonalt - han var ein høgt respektert og omtykt musikar i vide krinsar her i landet. Han var oppteken av og er særleg kjend for evna si til å kryssa tradisjonelle skilleliner, drivkrafta hans var at musikken er eit språk som er sams for oss alle. Såleis skapte han forståing for éin musikkarv på tvers av grenser og kulturar. Han var heile tida opptatt av at musikken skulle røre ved tilhøyrarane, og vare melodilinjer og klangar er typiske for stilen hans. Han hadde ein omfatande produksjon, og gjennom åra heldt han mange konsertar til glede for eit stort publikum. Som pedagog var han svært avhalden. Han hadde ei særskild evne til å sjå kvar elev for seg, interessert og oppteken som han var av ungdomen og av å få fram styrke og eigenskapar hjå den einskilde. Han gav dei mot og støtte til å framføra musikk og opptre for publikum, og mange vart inspirerte til vidare musikkutdanning og utøvande karrière. Dei same haldningane formidla han også i arbeidet sitt med vaksne. Han var mykje nytta som instruktør på ulike kurs og seminar, og då særleg i korsamanheng.

Per H. Indrehus mottok fleire prisar for arbeidet sitt, m. a. Sparebankenes initiativpris, Trygve Hoffs minnepris og Voss Kommune sin kulturpris. Tidleg på 1980-talet gav han ut LP-en Tid å hausta inn, og seinare har det kome fleire CD-ar med hans musikk og arrangement. Han var mykje nytta i radio-, TV- og film-produksjonar, og i 1988 viste NRK eit eige fjernsynsportrett av Per H. Indrehus - Viser langs vegen - med eit tverrsnitt av den rikhaldige produksjonen hans.