Aslak Helleve
Aslak Helleve var lærar og rektor ved Voss Folkehøgskule medan Per arbeidde der.
Slik han sjølv seinare fortalde det, var Per Indrehus hyggjepianist på eit hotell på Voss sumaren 1964. Ein kveld kom Ingjald Bolstad, då rektor på Voss Folkehøgskule, bort til han og spurde om han kunne noko meir enn å spela. Per fortalde då at han var lærar, og samtalen enda med at Per den kvelden så å seia vart tilsett som lærar på folkehøgskulen. Der bygde han opp ei levande musikkline, mykje godt åleine dei fyrste åra. Han skreiv sjølv seinare i ei jubiléumsbok: «Føremålet med lina er ikkje å skapa musikkspesialistar, men å lære unge menneske til å forstå kor rik og vidfemnande musikken er, og at musikken er eit middel til å skape kontakt mellom menneska.» Han knytte mykje av undervisninga til song, menneskerøysta var instrumentet alle hadde. Som musikar var han allsidig, han kjende godt til ungdomen sin eigen musikk og tok ofte utgangspunkt der. Klassisk musikk drog han inn seinare.
Per var sterkt engasjert sjølv i dette arbeidet og reiv elevane med seg. Han fekk dei med på store oppgåver, som musikalar, kyrkjekonsertar og turnéar. Desse oppgåvene førde oftast med seg mykje ekstraarbeid for han sjølv, med avskrifter av partitur og tilpassing av musikken til dei instrumenta elevane hadde.
Han var populær mellom elevane. Det var i grunnen rart, for han kunne vera temmeleg hard med dei, mange gonger. Ordet «populær» får oss kanskje til å tenkja at han var populistisk, men det var han ikkje. Var det eit ord han forakta, så var det at det dei dreiv med skulle vera «gøy». Me bør heller seia at han var uvanleg godt likt, for det var han. Han kjende personleg ansvar for elevane sine, og tok seg av dei, både i skuleåret og seinare.
For skulen fekk han mykje å seia, også for lærarflokken. Han fekk oss med i eit lite kor, og han var ein solid medspelar i volleyballaget til lærarane. Han hadde sjølvsagt sine tunge og sine lette dagar, han som alle andre. Men det vart sagt ein gong at når Per var glad, var alle glade, og når han var i ulag vart dei andre også uglade. Elles såg han det humoristiske i mange hendingar på skulen, og han hadde ein god og smittande lått.
For meg var Per Indrehus ein nær og god ven, og ein inspirerande kollega. Om det var lagnad eller slump som gjorde at Ingjald Bolstad møtte Per den sumarkvelden på Fleischers for mange år sidan, det veit eg ikkje. Men det veit eg, at dersom han ikkje hadde gjort det, hadde me alle vore fattigare.
Helsing Aslak Helleve