Magne Myhra

Magne Myhra, forfattar og lyrikar, var lærar ved Voss folkehøgskule 1963-76. Her var han kollega med Per, og samarbeidet heldt fram også etter at Myhra slutta som lærar. Per har sett tone til ei rekkje av Myhra sine dikt.

Då Per H. Indrehus kom til Voss folkehøgskule i 1964, hadde eg eit års tid vore lærar ved skulen, særleg i norsk. Vi sette store voner til han som musikklærar, og straks vi to kom i prat, viste det seg at vi hadde felles interesser: han hadde musikken og eg hadde lyrikken, og dei er i slekt som vi veit. Det varte ikkje lenge før vi knytte venskap som varte livet ut. Vi hadde mange program saman der eg las dikt og han akkompagnerte på piano. Først var det norske lyrikarar vi tok for oss, men vi våga oss også på verdskjende diktarar som Hjalmar Gullberg og Pär Lagerkvist. Ei ugløymande oppleving var det då vi framførte «Det är vackrast när det skymmer» av Lagerkvist med musikk av Indrehus. Det skulle eg gjerne hatt opptak av.

Vi skjøna snart at han hadde store oppgåver framfor seg, og det viste seg også seinare, men det har andre skrive om. Alt var musikk for Per. Eg hugsar eg sende ein blomsterbukett til han som takk for eit radioprogram han hadde, og feste ein papirlapp til med nokre strofer skrivne i hastverk personleg til han:

Det vakraste av alle dikt
er diktet utan ord.
Eg gjev deg tagal no eit slikt
av vatn, luft og jord.

No brenn det i septembereld
før det til ord skal bli.
Imedan diktar eg i kveld
ein blomesymfoni.

Signert eit ukjent skaparsinn
er denne harmoni.
Men tanken til ei takk er min
om ordlaus ho skal bli.

To dagar seinare kom det brev frå han der han hadde tonesett desse orda, og dermed var det blitt eit dikt på grunn av melodien hans og framført fleire gonger.

Slik var han, venesæl og lett å samarbeida med. Streng mot seg sjølv og arbeidet sitt, men imøtekomande og inspirerande for kolleger og elevar. Måtte tonane hans leva lenge til glede for nye generasjonar.

Ein stor kunstnar har gjesta jorda.

Helsing Magne Myhra